Hyggekveld på flyktningmottaket på Turisthotellet

Hyggekveld på flyktningmottaket på Turisthotellet

Publisert av Ingeborg Sætrom den 12.01.21.

Måndag 11. januar arrangerte Lions Oppdal Kjerringrokk hyggekveld på flyktningmottaket på Oppdal Turisthotell. Vi hadde planlagt å skape ein hyggeleg kveld for våre potensielt nye landsmenn i deira usikre ventetid her i Oppdal. Vi kom til ein utruleg fin kveld der dei hadde kome oss i forkjøpet med storstilt pynting og dekking av bord. Eit titals kvinner hadde stått på kjøkkenet heile dagen og laga afgansk mat, og mennene bar fram og serverte til oss alle – ca 150 til saman.

Få dagar etter at flyktningane hadde flytta inn her i Oppdal fekk vi ein ny medlem i Lions Kjerringrokk, Ingvild Vikan. Ho såg at ho gjennom ein seriøs humanitær organisasjon som Lions kunne gjere ein innsats for flyktningane. Saman med  m.a. Hanne Løvrød Granheim starta ho ei songgruppe for dei minste barna her, og denne gruppa var det no som opna underhaldninga for kvelden med feiande norske songleikar under stor gledeutfalding. Så kom 4 elevar frå kulturskolen og gleda oss med fint tolka pianostykke og sjølvkomponert låt på bassgitar.

Etter eit stort og hyggeleg måltid med velsmakande mat og norske julekaker vart vi geleida inn til den gamle dansesalen, der vaksne og unge menn dansa for oss. Kvinner deltek ikkje på danseoppvisning i ein del av kulturane som er representert her no,men dei små deltok med stor glede, og der var det full likestilling!

21. januar blir alle desse vel 130 flyktningane sendt vidare frå Oppdal – ingen veit kvar enno. Alle i Oppdal som har blitt meir og mindre kjent med dei sit att med eit inntrykk av særs «oppegåande» menneske som samanlikna med oss her er uvanleg høflege og belevne, om ein skal bruke dette litt gammeldagse ordet. Humør var det også i fullt monn – imponerande nok under dei usikre forholda dei lever under, for ikkje seie har levd under. Dei gav tydeleg uttrykk for stor glede over måten oppdalingane har teke imot dei på. Det er noko vi kan ta innover oss med stoltheit og hugse ved seinare møte med flyktningar.

Lions Oppdal Kjerringrokk vil fortsette med humanitært arbeid, og vi oppfordrar alle til å møte nye menneske med ope sinn for kva vi gjensidig kan glede kvarandre med